Om Kvålseth Trafikkskule AS
Velkomen til oss!
Om Kvålseth Trafikkskule AS
Kvålseth Trafikkskule AS blei stifta januar 2014. Eigar og dagleg leiar av trafikkskulen er Lina Kvålseth.
Lina vart uteksaminert trafikklærar ved Høgskolen i Nord-Trøndelag i 2005, og har sidan den tid jobba som trafikklærar inna dei lette førarkortklassene (AM, A1, A2, A, B, B96, BE og T).
I mai 2015 vart trafikklærar Cathrine Melsom frå Notodden ansett på engasjement for trafikkopplæring på moped. Engasjementet vart seinare utvida til også å gjelde opplæring på bil. Cathrine vart uteksaminert som trafikklærar ved Høgskolen i Nord-Trøndelag og underviser til dagleg på klasse AM146, A1 og B ved Telemark Trafikkopplæring på Notodden.
Bjørn Inge Selstø vart uteksaminert trafikklærar ved Nord Universitet i 2018. Han underviser på Trafikalt grunnkurs og klasse B.
Trafikkskulen held til i trivleg lokale på brygga i Kviteseid.
Me underviser i Trafikalt grunnkurs, moped, bil (manuell og automat), bil m/hengar og traktor 40/50 km/t.
Våre elevar kjem frå heile Vest-Telemark (Kviteseid, Seljord, Fyresdal, Nissedal, Tokke og Vinje).
Vår trafikkskule er godkjent av Statens vegvesen og medlem av Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund.
Å vere ein godkjent trafikkskule betyr at leiinga fyller krava for å drive trafikkskule og at alle lærerane har solid pedagogisk utdanning. Som medlem av ATL sikrar me eit høgt fagleg nivå på våre trafikklærerar, gode rutiner og tryggleik i at me følgjer gjeldande lovar og reglar for trafikkopplæring.
Me har eleven i fokus!
Me gjev individuell opplæring etter moderne undervisnings-prinsipp til alle våre elevar. Målet vårt er å gje opplæring til den kvaliteten eleven har krav på for å bli best mogleg førebudd til det trafikkbildet ein vil møte på eige hand. Me garanterar derfor at du som elev får god, trygg og profesjonell opplæring hjå oss.
Vårt motto er: Kvalitet gjev tryggleik!