Covid 19
Velkomen til oss!
Covid 19
11.05.20. Trafikkskulane kan opne for undervisning i alle klasser.
Dette er ein merkedag for bransjen! Når det nå opnast for trafikkopplæring i klasse B skjer det med utgangspunkt i ei forskriftsendring. Covid-19-forskriftens §15a omhandlar trafikkskular spesielt og legg klare føringar for korleis trafikkskulene skal drive smittevernfagleg forsvarleg.
24.04.20. Endringar i Covid-19 forskrifta har opna for noko undervisning i mindre grupper.
Dette gjeld for klassene moped, motorsykkel og snoskuter.
Når det gjeld klasse B, BE og T ventar framleis Samferdselsdepartementet på tilbakemelding frå helsemyndigheitene før opplæring i desse klassene kan starte att.
07.04.20. Regjeringa vil åpne gradvis og kontrollert.
Det betyr at trafikkskulen foreløbig er pålagd å halde stengt fram til 27.april. Me informerar alle elevar når me kan starte å undervise att og kva som blir retningslinene frå myndigheitene for korleis undervisninga trygt kan gjennomførast.
Vil åpne samfunnet gradvis og kontrollert
24.03.20. Regjeringa vedtek framleis stopp av all undervisning. Dette fram til og med 13.april.
Trafikkskular går under samleposten andre utdanningsinstitusjonar og må derfor stenge. Det bekrefter Helsedirektoratet nå på morgonkvisten (13.03.20).
Trafikkskular er definert som en anna utdanningsinstitusjon. Dermed er også trafikkskulane omfatta av dei same retningslinene som skular og universitet.
– På forespørsel frå mange stadfestast det at trafikkskular omfattast av punktet utdanningsinstitusjonar i dette pålegget.
Me held derfor stengt fram til 26.mars med moglegheiter for forlenging.
Me tilgjengelege på tlf 400 50 305 og e-post post@kvalsethtrafikkskule.no